er i Nicaragua og vi har hørt rykter om at ho har det HEILT topp!! Ho har visst ein plan om å blogge så om du er nyskjerrig kan du sjekke ut bloggen hennar. Ikkje noko nytt enda.. men det kjem nok. Vi ønsker deg 5 fantastiske månadar. Nyt livet, folket, maten og kulturen!


Sigridmora
februar 7, 2010
Anna i Paris
februar 4, 2010Anna er i Paris – heldiggrisen! Ho og venninna Marianne blir nok råflinke i fransk dette semesteret
Vi ønsker dåkke nokre fantastisk månadar. NYT livet!
Dersom du vil følge med på dette eventyret kan du sjekke ut bloggen deira.

Ein raud stol
februar 3, 2010Kirsten Ragnhild bloggar- vel verdt å sjekke den ut!
Dette seier ho: Eg elskar små, ubetydelige ting som gjer kvardagen til noko meir enn ein… ja, kvardag. Som eit vakkert lauv, ein god song som set kjenslene i sving, god mat, gjenstandar med historie, vakre hus, kompliment og… ja, raude stolar.

Sofakos
januar 31, 2010Karlogna, Benedikte, Dagrun og Johan hadde seg ein liten etterjulstur. Kristmar inviterte til middag og kaffikos. Birgitte, Brit og Per Johan kom også. Kjekt å få vere så mykje i lag. Karlogna og Laura blir stadig bedre kjent – ser og tar på kvarandre. Karlogna prater og Laura lytter med store auge
Fin arbeidsfordeling. Enn så lenge!

Laura og grandonkel Dag
januar 29, 2010
Laura 5 månadar
januar 28, 2010I dag er Lauramora vår 5 månadar! Vi har hatt 5 gode månadar saman og gleder oss til kvar ny dag i lag med skatten vår. Ho hopper og prater, ler og gråter, lugger pappa i håret og studerer føttene sine ut og inn. Ho er nok litt meir glad i å vere i hendene våre enn på golvet aleine.. men det er vel ikkje så rart etter å ha vore omgitt av ein heil hærskare menneske som er uendeleg glade i henne heile jula!

Bompibjørn
januar 22, 2010
Jakob
januar 21, 2010Lille Jakob blei født i dag! Alt vel! Gratulerer som storebror, Noah, og tobarnsforeldre Gry og Asgeir! Vi gleder oss til å treffe den lille.








